Viser innlegg med etiketten Nynorsk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nynorsk. Vis alle innlegg

mandag, mars 05, 2007

Min nynorske historie

På ungdomsskulen var lærarane opne for eigen tolking av korleis nynorsk skulle snakkast. Eg valte ein for med masse kjensler og djupt engasjement. Dette talemålet drog eg med meg vidare inn i vidaregåande. På grunnkurs hadde eg ei skikkeleg nynorskfrelst lærarinne, og etter timar opp og timar ned med deprimerande grammatikk, skulle vi endeleg få lese opp ein eigenprodusert tekst. Eg reinska stemma, pusta djupt, og ut kom dei vakraste, og mest kjensleladde setningar eg hadde laga. Som forståeleg er, førte det vakre målet med seg ei betre, lausare stemning i klasserommet. Folk koste seg, letta på smilebandet. Noen lo til og med litt. Men da, midt i denne aura av skjønnheit, som eine og aleine var til fordi nynorsken flaut i rommet, kom det kontant frå læraren. «Slutt!». «Kva sa du?» spurte eg. «Slutt. Snakk vanleg.» sa ho. Eg blei sjokkert. Korleis kunne slikt eit ekte nynorskmenneske avbryte denne symfoni av nynorsk?! Korleis kunne ho, lik ein bompibjørn i dei fløytegratinerte potetene, komme her og drepe heile gleda til både meg og mine klassekameratar? Vil ho fjerne dramatikken og krafta i nynorsken? Utan den er jo nynorsken død!

Eg las vidare på mi eigen dialekt. Historia, og nynorsken, var plutseleg ikkje så god.

Dalane Mållag

Eg såg gjennom dagens Dalane Tidende, og kom over at det nå er eit offisielt Dalane Mållag. Eg kan ikkje seie kor lykkeleg eg er for nynorsken si skuld. Endeleg har han fått sine eigne riddarar midt i navlen til verda! Tre modige, trauste Bjerkreimbuer stod trykt i fargar og proklamerte si elskhug til norsk slik han eigentleg skal vere. Her, mellom bakkar og berg ut med havet, skal mållaget fenge si heim. Ja, nå er det berre å sette seg tilbake i raukvilevipparen sin, ta seg eit elskhugsstaur og se kva som vil skje.

Ber om årsak, vil eg. Eg kan ikkje avslutte slik ein blogg utan å skrive litt om mitt eige forhold til nynorsken. Det er ein poetisk målform, og kling så bra at eg har brukt ho fleire gonger. Zuludikt er eit prov på det. Grunnen til at eg skriv bokmål, er at eg ikkje er stø nok i nynorsken, og at det høyrest betre ut med mi «dialekt». Eg snakkar nemleg ei rar blanding av egersunsk og bokmål, og dermed fall det meg naturleg å skrive bokmål. Slik er det berre.


Fordi Dalane Mållag er blitt stifta, vil eg lage ei historie på nynorsk her på bloggen min. Eg ber nokon frå Dalane Mållag sjekke eventuelle språkfeil, og fortelje det til meg straks. Men eg kjem ikkje til å gå med på at eg skal skrive like mykje nynorsk som bokmål. Her er det inga kvotering. Eg skriv det målet eg sjølv vil. Bare så det er sagt.